Studentane har fått oppgjeve domestisering som overordna omgrep, og dei tre gruppene har vald følgjande tema:
a. I denne delen av utstillinga fokuserer vi på mjølkeproduksjonens kjende og ukjende sider. For mange er det kjende ein mjølkekartong i kjøleskåpet. Den grøne beitemarka er kanskje det vi assosierer med mjølk, men også det biletet industrien gjev oss. Det ukjende for dei fleste er det intrikate systemet som ligg bak mjølkeproduksjonen.
b. Ver-delen av utstillinga tek for seg måtane menneske brukar ritual og vitskapeleg teknologi for å berekne eller kontrollere veret. Vi viser vermagi, kva instrument vi har utvikla for å måle veret, og teknikken skysåing som kan brukast til å framkalle regn, snø eller klårver.
c. Blir menneske domestisert slik som dyr? I så fall, kven domestiserar oss? Og kan vi også domestisere oss sjølve, kanskje utan å tenke over det? Vi utforskar desse spørsmåla, og sjølve omgrepet domestisering ved å sjå nærmare på seleksjon av genar og eigenskaper vi ynskjer å føre vidare, og korleis samfunnet og oss sjølve på ulike måtar kan seiast å domestisere oss.
Utstillinga opnar 23. februar, følg prosessen på utstillingas side på facebook
Følg prosessen
Om studiet
MUSKUL4910 - Utstillingsproduksjon - teori og praksis
Om domestisering
Domestisering (lat. domesticus = «som gjeld huset») er den prosessen dyr, planter og andre organismar gjennomgår når dei blir tilpassa eit menneskeskapt miljø, for eksempel til eit liv som husdyr eller nytteplante.
Domestisering skaper endringar. Domestiserte dyr, planter og organismar vil derfor vera annleis enn sine ville artsfrendar. Domestiseringen skjer gjennom genetiske endringar over generasjonar.