Frå fredag 22. november kan du oppleve funklande og fargerikt porselen frå Thailand, gjeve til museet i 1904 av marinekaptein Theodor Ring.
Kongeleg luksus i norske museum
Etter å ha vore gløymd i fleire generasjonar, pakkast kaptein Rings gåve ut att og stillast ut i ei vakker, lita utstilling i museets trapperepos i 2. etasje. Utstillinga fortel om Benjarong-porselenets reise frå Kina på 1700- og 1800-talet til Thailands hovudstad og derifrå til eit norsk museum.
Ordet Benjarong stammar frå sanskrit og tyder «fem fargar». Porselenet, som gjerne hadde fleire enn fem fargar, blei bestilt av det thailandske kongehuset. Ved hoffet blei bollar, krukker og fat brukt til servering av mat, vassbehaldarar og kosmetikk. Typisk for Benjarong er frodige mønster med blomar og mytologiske figurar i intense fargar. Med deira mangslungne historie, fortel desse gjenstandane om kreative møte mellom idear, kulturar og menneske over fleire hundreår.
Usedvanleg storleik og kvalitet
I 2006 fekk Kulturhistorisk museum besøk av den kjente porselens-eksperten frå Albert and Victoria Museum i London, Rose Kerr. Ho fann keramikksamlinga frå Thailand bortgøymd i museets magasin og påpeikte at den var av «exceptional size and quality, unmatched in most museums».
Kaptein Ring hadde delt samlinga si mellom den tidas Kunstindustrimuseum og Ethnografisk museum, som for resten fekk brorparten av samlinga (200 delar). Ring og kona hans Maggie, beheldt noko porselen sjølv, og dette eigast den dag i dag av Theodor Rings familie.
Utstillinga viser porselen frå begge museum, både Kulturhistorisk museum, som huser hovudstadens etnografiske samling, og frå Nasjonalmuseet, som Kunstindustrimuseet er ein del av i dag. Samtidig kan du også oppleve andre gjenstandar som gjestearbeidaren i Siam gav til museet, og også Benjarong frå ein annan norsk oppdagingsreisande i Austen, Carl Bock (1849-1932).
Ordet Bencharong betyr opprinnelig fem farger, men porselenet kan ha flere farger enn dette. Stettefat sett ovenfra.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten J. Helgeland. (UEM12950)
Guddommen thep phanom uttrykker buddhistiske dyder som tro, fred og tilbedelse.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten J. Helgeland. (UEM13042)
Bencharong med gull i tillegg til emaljefargene, ble kalt Lai Nam Thong. Lokkene kunne snus opp ned og brukes som tallerkener.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten J. Helgeland
Rutemønsteret - som i et espaljer - er populært på Lai Nam Thong porselen, slik på denne bollen i blått, gull, og et hint av grønt.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten J. Helgeland. (UEM13000)
En stor Lai Nam Thong bolle med nydelige bånd i blått og gull rundt kanten og foten.
Foto: © Nasjonalmuseet/Frode Larsen. (OK-06882)
Stettefat var populære og ble brukt til å servere frukt og annen mat. Stettefat fra Ring-samlingen sett ovenfra.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten J. Helgeland
Bencharong var bruksting. Krukker med lokk ble fylt med ris, velsmakende retter av kjøtt, fisk og grønnsaker, og søte desserter.
Foto: Kulturhistorisk museum,UiO/Kirsten Jensen Helgeland. (UEM12926)
Mange blomstermotiv har inspirasjon fra Kina. Her en overdådig krysantemum på et uvanlig stort stettefat.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten J. Helgeland. (UEM13027)
Disse bollene har loddrette, stiliserte lotusblader, som igjen er fylte med blomstermotiv. Lotusen representerer oppvåkning og Buddhas renhet i vår urene verden.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten J. Helgeland
Krukker med kinesisk inspirerte peoner. Forsterkningene i rotting forteller at Bencharong var laget for daglig bruk.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten J. Helgeland. (UEM12975,UEM12981)
En munk fortalte kaptein Ring at denne store krukken ble brukt under bryllup og kremasjoner.
Foto: © Nasjonalmuseet/Frode Larsen. (OK-07717)
Motivet "Himaphans fem blomster" minner oss om de indiske røttene til Thailands mytologi og kunsttradisjon.
Foto: Nasjonalmuseet/Frode Larsen. (OK-07718)
Tho prik beholdere for kosmetikk eller medisin. Lokkene med gull ble ofte pyntet med edle stener eller farget glass.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten Jensen Helgeland
Denne lille krukken kan ha vært fylt med kosmetikk og tilhørt en prinsesse eller overklasse-kvinne.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten J. Helgeland. (UEM12875)
Fint malte detaljer og klare farger forteller om det kyndige håndverket bak disse Bencharong bollene.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten J. Helgeland. (UEM12998, UEM13002)
På denne bollen er motivene mindre symmetriske enn vanlig på Bencharong, og minner mer om kinesisk smak.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten J. Helgeland. (UEM12953)
Skjeer dekorert i både kinesisk og thailandsk stil. Man forsynte seg med skjeene, og spiste supper, sauser og desserter med dem.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten J. Helgeland
Denne unike bollen forteller historien om prinsen Phra Apai Mani, etter et epos skrevet av poeten Sunthorn Phu (1786-1855).
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Eirik Irgens Johnsen. (UEM12866)
Emaljerte kobberkar (UEM14174/UEM14181)
Kaptein Ring ga også emaljerte kobberkar med dekor i Bencharong-stil, til museet.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Kirsten J. Helgeland. (UEM14174, UEM14181)
Kaptein Ring bragte med seg små segl av brent leire med buddhistiske motiver. De er over 1000 år gamle.
Foto: Kulturhistorisk museum, UiO/Eirik I. Johnsen. (UEM11040)
Kong Chulalongkorn og kaptein Ring
Theodor Peder Amundsen Ring blei fødd i 1866 i Solør, nordaust for Oslo. Han søkte seg til Sjøkrigsskolen i Horten og blei uteksaminert som sekondløytnant i 1887, 21 år gamal. Deretter segla han til sjøs i ti år, før han i 1897 blei han tilsett i Den kongelige siamesiske marine.
Siams kongar hadde frå midten av 1800-talet sett i gang ei modernisering av landet for at landet skulle unngå same skjebne som nabolanda som var blitt britiske eller franske koloniar. Utanlandske ekspertar innan militærvesen og samferdsel spela ei viktig rolle, blant anna let 16 nordmenn seg verve til den siamesiske marinen. Frå 1868 til 1910 blei landet regjert av kong Chulalongkorn som i dagens Thailand blir hylla som ein framstegsvenleg regent med eigenskapar som ein helgen.
Kongen vitja Norge i 1907, og under ein slottsmiddag fekk Theodor Ring helse på både kong Haakon og sin tidlegare arbeidsgjevar. Kong Chulalongkorn gav ut ei bok frå den tre veker lange Noregsreisa, kalla «Langt heimefrå». På Nordkapp finst eit lite Chulalongkorn-museum.
Theodor Ring må ha vore ein samlar heilt frå han var liten av. Han innrømmer i eit brev at han i sin samleiver braut av ein liten bit av Gokstadskipet då han som ung gut vitja utgravinga. Ring avslutta tenesta i den siamesiske marinen i 1906, men busette seg i Penang på den Malaysiske halvøy med familien sin frå 1913 til 1921. Han døydde i Oslo i 1932.
Utstilling, bok og seminar
Kurator for utstillinga er konservator Anne Håbu. Utstillinga har blitt til i samarbeid med ambassadør H.E. Mr. Theerakun Niyom og Kongeriket Thailands ambassade i Noreg.
I samband med utstillinga utgjev Hermes Academic Publishing boka «Royal Porcelain from Siam. Unpacking the Ring Collection», redigert av Anne Håbu og Dawn Rooney. Boka har bidrag frå internasjonale ekspertar på Thailand og Benjarong. Museets fotograf, Kirsten Jensen Helgeland, har illustrert boka med vakre fotografi av Ring-samlinga.