KOLLAPS
Utstillinga KOLLAPS er resultat av eit samarbeid mellom Kulturhistorisk museum og masterstudiet i museologi ved Universitetet i Oslo. Studentar med bakgrunn i fagområda museologi, historie, kulturhistorie, kunsthistorie og arkeologi presenterer tre ulike tolkingar av KOLLAPS.
TINGAS KOLLAPS
I denne delen av utstillinga er det nære og kvardagslege i fokus. Vi presenterer tre kategoriar av kollaps frå kvardagen: Den irrelevante tingen, den øydelagde tingen og den tingen som blei erstatta av ny teknologi.
FLUKT
Kva slags førestellingar har folk rundt oss om kollaps? Kva gjenstandar ville vi tatt med oss dersom vi måtte forlate alt som er kjent? Vår del av utstillinga er resultatet av eit eksperiment vi gjorde med vener og kjende basert på desse spørsmåla.
REPRESENTASJON AV SJØLVET
Vi undersøkjer menneskelege strategiar for å unngå kollaps av sjølvet. Korleis opprettheld vi eit sjølvbilete gjennom å skape og verne vår eigen identitet? Utstillinga viser korleis dette kan gjerast gjennom ei samanlikning av polynesisk tatoveringskultur med vestleg bruk av sosiale media.