Installasjon: Mumie eller menneske?

Mumien Dismutenibtes har vore på sjukehus, og no blir ho konservert. På mumiens plass har kunsten slept til.

Svart bakgrunnsfarge, hvit tekst "Mumie eller menneske? Mummy or person?"

Konservator Anne Håbu gjennomfører for tida dokumentasjon og konservering på den eine mumien vår, Dismutenibtes. Les meir på "konservatoren bloggar".

Kunstnar Armando Luís har i dette høvet innreidd ein installasjon i vår permanente Egypt-sal, som inviterer publikum til å kikke inn i monteren, for å reflektere rundt menneske-mumiens menneskelegdom. Kva gjer ho her? Og kven er det sine føter?

Armando Luís er ein skodespelar og dramaturg frå Portugal, som arbeider med ein mastergrad i kunst, kultur og kommunikasjon. Han har praksisplass ved Kulturhistorisk museum, for å både observere og ta del i museets nyskapande og eksperimentelle prosessar.

Sjå Anne Håbu i utdrag frå installasjonen her:

Publisert 27. apr. 2016 12:40 - Sist endra 22. juli 2022 14:15