Antroblikk 2013

InnBlikk i felt – antropologistudentanes fotoutstilling.

En jente lener seg på et rekkverk og ser i kamera.

Foto: Go Eun Bae

Masterstudentane i sosialantropologi får ein unik mogelegheit til åforske på interessante tema kvar som helst i verda. Våren 2012 reiste studentane frå masterprogrammet ved Universitetet i Oslo ut på feltarbeid til stader så forskjellige som New York by, Lesotho, stillehavsøya Tuvalu og Oslo, for å nemne nokre.

Sosialantropologi baserar seg på metoden deltakande observasjon, og studentane har ikkje berre forska på stadene dei har reist til – dei har budd der i lengre tid, blitt kjende med lokalbefolkninga og sett korleis deira eige nærvær har påverka menneska dei har enda opp å skrive masteroppgåva si om.

I denne utstillinga er 19 ulike feltarbeid representert gjennom bilete. Målet er at bileta skal seie noko om det å relatere seg til og å forske på eit ofte heilt nytt område – både korleis feltet påverkar antropologen og korleis antropologen påverkar feltet.

God fornøyelse!

Publisert 23. mars 2020 10:44 - Sist endra 22. juli 2022 12:46