Konservator Anne Håbu gjennomfører for tida dokumentasjon og konservering på den eine mumien vår, Dismutenibtes. Les meir på "konservatoren bloggar".
Kunstnar Armando Luís har i dette høvet innreidd ein installasjon i vår permanente Egypt-sal, som inviterer publikum til å kikke inn i monteren, for å reflektere rundt menneske-mumiens menneskelegdom. Kva gjer ho her? Og kven er det sine føter?
Armando Luís er ein skodespelar og dramaturg frå Portugal, som arbeider med ein mastergrad i kunst, kultur og kommunikasjon. Han har praksisplass ved Kulturhistorisk museum, for å både observere og ta del i museets nyskapande og eksperimentelle prosessar.
Sjå Anne Håbu i utdrag frå installasjonen her: