Kulturgjenstandar som blir tatt ut av sine opphavsområde utan nødvendig løyve blir kalla for ulovlege kulturminne. Dei er ofte eit resultat av humanitære katastrofar som følgje av krig og kriser i sårbare delar av verda. Men mange gjenstandar blir også smugla ut for sal på den internasjonale kunstmarknaden. Ettertrakta arkeologiske gjenstandar blir i aukande grad betrakta som kunstgjenstandar på den private samlarmarknaden. Dette rammar kulturarven og dermed historia og identiteten til mange folkeslag i verda.

FN har vedteke ei rekkje konvensjonar for å forhindre ulovleg handel med kultur-gjenstandar. Den viktigaste av dei, UNESCO-konvensjonen av 1970, blei fyrst ratifisert av Noreg i 2007. Dette fekk følgjer for norsk lovgjeving.
Men få land har klart å etablere ein effektiv kontroll for utførsel av kulturgjenstandar. Lovverket varierer mykje frå land til land. Dei internasjonale konvensjonane pålegg den som ynskjer å ta kulturgjenstandar ut av eit land å setje seg inn i lovverket som gjeld i kvart enkelt tilfelle. Men dette kan være vanskeleg i land der lovverk og føresegner er lite tilgjengeleg og kjennskapen til lovverket er dårleg i befolkninga. Likevel er dette eit viktig punkt i lovverket, også her i Noreg.

Her i landet er det forbode å importere kulturgjenstandar utan lovmessig eksportløyve frå opphavslandet. Eit slikt løyve er svært viktig sidan det vil bli etterspurt om ein seinare skulle ynskje å ta gjenstanden ut av landet att. Eksport-kontrollen i Noreg har som mål å hindre utførsel av kulturminne funne i Noreg, og å fange opp gjenstandar som i utgangs-punktet er ulovleg innført i landet.
Dei 13 gjenstandane som blir stilt ut i Historisk Museum, 2. etasje, er eksempel på arkeologisk kulturarv som har blitt teke ut av opphavslandet utan løyve, og ulovleg bringa inn i Noreg. Kulturhistorisk museum er ein midlertidig heim for denne kultur-arven, som snart er på veg heim att.