English version of this page

Natur og orden

En kvadrat med en sirkel inni. Mørk skog med tretopper i bakgrunnen.

I tusenvis av år var natur og kultur uløyseleg knytte saman. Kvifor skilde dei lag og kva mista vi på vegen?

Studentutstilling

07.03.2024–11.08.2024

Eit av kulturen vår si aller sterkaste og mest verknadsfulle skilje går mellom det som har oppstått naturleg og det menneskeskapte. Med utgangspunkt i forskingsprosjektet "Naturhistoriens etterliv" ved Universitetet i Oslo tar denne studentutstillinga for seg fire ulike tema: stjernehimmel, kart, folketru og taksonomi. 

Betydninga til stjernehimmelen

Vi veit meir om stjernene enn nokon gong, samtidig har stjernene blitt vanskelegare å sjå. Frå tidenes morgon har stjernene blitt brukt av menneska til ulike formål og har gjennom dét blitt ei forlenging av menneskas liv på jorda og våre kulturar – eit kulturlandskap. Første delen av utstillinga handlar om nettopp dette.

Bli med på ei vandring under stjernehimmelen, gjennom polynesisk navigasjon, norrøne og egyptiske forteljingar og vitskaplege observasjonar. Og kanskje får du ein ny fascinasjon for stjernene.

Verdsbilete

Kva for eit kart brukar du når du bevegar deg i verda? Eit fysisk kart? Eit digitalt kart? Eller brukar du kanskje kartet som du har i hovudet med kvardagsrutene og favorittkaféane dine? Kartet er ei visuell framstilling av informasjon. Det blir brukt av menneska for å få orden på verda, og gjere den enklare å manøvrere seg i. Historisk sett har desse karta vore praktgjenstandar, forutan å ha enorm nytteverdi for orientering i verda.

Kartografane før i tida måtte stole på andre sine skildringar for å kartleggje område av verda dei ikkje hadde tilgang til. Vi stoler på at karta vi brukar gjer oss riktig informasjon, men korleis kan vi vite at det stemmer?

Vett og folkeminne

I dag er det forsking som forklarar verda, men kunnskap har ikkje alltid vore vitskapeleg. Før Isaac Newton var det kanskje bestemor som forklarte korleis naturen fungerer gjennom mytar og forteljingar. Historia om huldra, troll i skogen og norrøne gudar hadde ein verdi utover å vere ei skummel forteljing. Ho kan og seie noko om korleis verda fungerte i tidlegare tider.  

Leit deg fram til gøymd kunnskap i skogen på Historisk museum og sjå om du vil få ny interesse i forteljinga mange er vakse opp med.

Taksonomi

I denne delen av utstillinga inviterer vi deg til å sortere aktivitetar frå kvardagen, gruppere dyr, og reflektere over at systematisering av menneske faktisk har føregått og framleis skjer. Til sist oppmodar vi deg til å «sortere» framtida. 

Vi ønskjer at du skal stille spørsmål ved prinsipp for sortering og kvar for strukturar som ligg bak. Lever det moderne menneske etter desse no, eller har vi forkasta tidlegare tankemønster og vanar? 

Vi vil at du skal gjere nye oppdagingar om kva konsekvensar disse gamle tankane om sortering har ført oss og kva for effektar dei har gitt deg som jordbuar i dag.  Vil du endra noko i «sorteringsvanane» dine etter at du har vandra igjennom denne delen? Korleis kan vi som folkeferd gå framtida lyst i møte trass i dei tidvis negative konsekvensane den tidlegare sorteringspraksisen har hatt?

Bildekarusell

Om utstillinga

Utstillinga «Natur og orden» er laga av masterstudentar i Kulturhistorie, museologi og kulturarv ved Universitetet i Oslo. Dei har tatt utgangspunkt i forskingsprosjektet «Naturhistoriens etterliv» ved universitetet som forskar på kryssingspunkta mellom natur og kultur, og korleis naturhistoria kan hjelpe oss å forstå korleis menneske endrar og endrar seg med og i naturen.

Utstillinga viser gjenstandar frå museet si eiga samling, i tillegg til gjenstandar frå samlingane hos Museum for universitets- og vitenskapshistorie, som er ein del av Kulturhistorisk museum, Teknisk museum og Nasjonalbiblioteket.

Emneord: Studentutstilling
Publisert 1. mars 2024 11:27 - Sist endret 8. mars 2024 11:25

Flere utstillinger

museum

Besøk oss

Se åpningstider, billettpriser, kart og veibeskrivelse, informasjon om tilgjengelighet og fasiliteter.

Planlegg besøket