Innhald
Eit godt eksempel på aboriginske kunstnarars nytenking er warrgadi, dilly-veskene.
I fleire av utstillingsmotiva skildrar kunstnarane drøymetidshistorier. Ordet drøymetid oppstod på slutten av 1800-talet.
"We paint the Stories of our Culture" – Australsk aboriginerkunst frå drøymetida til kunstgalleria.
For aboriginske kunstnarar er det viktig å understreke at kunsten for dei er ”meir enn vakre bilete”.
Aboriginske kunstnarar seier ”Vår kunst er ikkje berre funnen på, den kjem frå drøymetida. Vi gjev dykk vår kultur gjennom vår kunst”.
Samtidskunsten i denne utstillinga er laga i perioden 2007 - 2010 og kjøpt ved kunstsenter i aboriginske lokalsamfunn.
Aboriginane er ingen einskapleg gruppe. Dei er delt i mange ulike regionale språkgrupper, og kvar språkgruppe er igjen delt i fleire slektsgrupper.
Tunga og coolamon er behaldarar som blei brukt til å frakte bushmat i. Barkbehaldaren, tunga, blir laga og brukt på Tiwi Islands. Coolamonen blir laga av tre. Den blir produsert og brukt over heile Sentral- og Nord-Australia.