Tungaen i utstillinga har tradisjonell form. Coolamonen har kunstnaren derimot tilpassa si rolle som kunst eller suvenir. Denne er produsert i koffertstorleik, betrakteleg mindre enn den ville vore dersom den var laga for praktisk bruk. Begge er dekorert med mønster inspirert av seremoniell kroppsmåling.
Måleriet er laga av ein kunstnar frå Fitzmaurice-regionen. Det er hans tolking av barkstrukturen i treet ein lagar coolamon av.
Trass av variasjon i medium og personleg stil viser desse tre gjenstandane tydeleg sambindingane mellom ulike regionar i Australia. Alle tre er eksempel på korleis tradisjonelle gjenstandar blir laga på nye og kreative måtar no som dei blir verdsett og seld som kunst.