Kieren Karritpul McTaggart, f. 1994
Ngen’giwumirri. Malfiyin
Merrepen Arts
Nauiyu, Daly River,
Fitzmaurice regionen
Paper bark
Bark frå tetreet
Akryl på lerret
”Eg har måla barken på tetreet. I eldre tider brukte aboriginane i Daly River-regionen denne barken til fleire ting, slik som å lage til mat og byggje husly. Ei lita hytte av tetrebark gav ly for regnet i regntida. Tetrebark blei også forma til korger. Korgene kunne brukast til å hente vatn, transportere sanka mat eller ein baby i.
Under matlaging i ein jordomn blei barken brukt til å pakke inn maten. Barken frå tetreet kunne også formast til ein liten flåte. Med den kunne ein sanke gåseegg i det høge sivet langs vasskanten.”
Mønsteret i Karritpuls bushmaterialmotiv er inspirert av strukturen til den avflekka barken på tetreet.
Coolamon
Berereiskap i tetre
Akryl på lerret
”Eg har måla ein coolamon laga av barken til tetreet. I eldre tider brukte ein å skjera og forme coolamonen med steinøks. Dei brukte den til å bera planter, vilt dei hadde fanga, eller vatn.”
Mønsteret i Karritpuls måleri er inspirert av strukturen til den avflekka barken på det trevlete tetreet, som blir brukt til å lage coolamonen.

