Ein sa ”kven som helst kan måle vakre landskapsbilete, men vi målar vår kultur, og det er det berre vi som kan”.
Kunstnarane deler sin kultur og levemåte gjennom bileta. Deira håp er at publikum verdset både motivhistoria og verkets estetiske kvalitetar.
I dag blir aboriginsk kunst produsert i ulike medium for sal på den internasjonale kunstmarknaden. Stadig veksande anerkjenning og aukande produksjon gjer at aboriginkunst no er godt representert i kunstgalleri, museum, suvenirbutikkar og kunstauksjonar både i Australia og internasjonalt.
Kunsten har blitt eit politisk og kulturelt talerøyr for Australias minoritetsbefolkning. Samtidig har den også blitt eit symbol for australsk nasjonal identitet.