English version of this page

Språk og slektsgrupper

Aboriginane er ingen einskapleg gruppe. Dei er delt i mange ulike regionale språkgrupper, og kvar språkgruppe er igjen delt i fleire slektsgrupper.

Menneska fekk slektssystemet av forfedrane i drøymetida, nedlagt i deira evige lov.

Slektssystemet fortel kven som er din nære familie, viser korleis andre skal behandlast og avgjer kven som kan gifte seg med kven. Det er svært viktig å ta vare på sine slektningar. Medlemmene av slektsgruppa arbeider saman for å løyse dagleglivets utfordringar, praktiske så vel som åndelege.

Kvar aboriginske slektsgruppe eig eit landområde kalla ”heimlandet”. Heimlandet er heilag og blei gjeve til dei av dei mektige forfedrane som skapte staden i drøymetida. Dei motiva i utstillinga som skildrar heimlandets skapingshistorier, blir eigd av slektsgruppa, som også eig landet. Det tyder at slike motiv berre kan målast av slektsgruppas medlemmar.

"Fog Dreaming" av Marita Sambono, viser ein spesiell stad i mormora sitt heimland Maringarr.

Slektsgruppe, rettigheiter til heimlandet, skapingshistorier og språkgruppe går i arv. Når aboriginske kunstnarar målar desse motiva markerar dei kva språk- og slektsgruppe dei høyrer til. Samtidig demonstrerer dei kunnskapen sin om drøymetida, heimlandet og eigen kulturell identitet. Det er klare tradisjonar for korleis felles eigde motiv bør målast. Likevel er det også rom for kreativitet og nytenking.

Drøymetidas skapingshistorier bli måla i nye medium og kunstnarar utviklar stadig sin personlege stil. Kontinuitet og endring – konvensjonar og kreativitet – lever side om side i kunsten.

Publisert 17. mars 2020 08:11 - Sist endra 26. apr. 2022 17:32