Historisk oversikt

Kart

Paleolitikum (eldre steinalder)

Start ca. 700 000 år sidan.

Mesolitikum (mellomsteinalder)

Start ca. 40 000 år sidan.

Neolitikum (yngre steinalder)

Frå ca. 6000 f.Kr.

Bronsealder

Frå ca. 2000/1500 f.Kr.

Gojoseon

Det fyrste samla koreanske kongedømet. Ifølgje koreanske skrifter frå mellomalderen blei kongedømmet grunnlagt i  2333 f.Kr. av den legendariske Dangun. Om han blei det sagt at han var Himmelens barnebarn. Gojoseon-kongedømet omfatta den koreanske halvøya og Mandsjuria.

Dei tre kongedøma Goguryeo, Baekje og Silla 

Dei tre kongedøma dominerte den koreanske halvøya og delar av Manchuria i det 1. årtusen av vår tidsregkning. I 660 erobra Silla-kongedømet Baekje og i 668 Goguryeo. Dette markerar starten på Nord/Sør stat-perioden, med eit samla Silla-kongedøme i sør og Balhae-kongedømet i nord. Silla-kongedømet varte til 935 e.Kr.

Goryeo-dynastiet

Goryeo-dynastiet (918-1392) styrte så å seie heile den koreanske halvøya frå 936 e.Kr. og til Joseon- dynastiet tok over i 1392. Goryeo-dynastiet er mest kjend for sin celadonkeramikk og for sine buddhistiske skrifter ”Tripitaka Koreana”. Skriftene blei skore ut i 80 000 treblokkar! Desse blei lagra i Haeinsa, der de framleis er. Verdas fyrste, flyttbare metallbaserte presse stammar også frå dette dynastiet.

Joseon-dynastiet

Joseon-dynastiet (juli 1392 - august 1910) blei grunnlagt etter at Goryeo-dynastiet blei kasta. Seoul blei tidleg utpeika til dynastiets hovudstad. Konfusianismen var ein berebjelke i denne perioden av koreansk historie. Dynastiet mista raskt makt mot slutten av 1800-talet. I 1895 gjekk Japan sigrande ut av den fyrste kinesisk-japanske krigen. Joseon-dynastiet blei tvinga til å underskrive ei avtale om uavhengigheit frå Kinas Qing-dynasti. Mellom 1897-1910 var Korea formelt kjend som Det koreanske imperiet.

Joseon-dynastiet har hatt stor betydning for formgjevinga av det moderne Korea både når det gjeld etikette, kulturelle normer, haldningar, moderne språk og dialektar.

Japansk okkupasjon

1910-1945

Deling av Korea i Nord- og Sør-Korea

1945-1948

Koreakrigen

1950-1953

Publisert 3. apr. 2020 13:56 - Sist endra 22. juli 2022 13:28