Buddhisme i Korea

Buddhismen blei godt motteken då den kom til Korea frå Kina i 372 e.Kr.

Enkelte koreanske munkar reagerte på det dei meinte var uklarheiter i den kinesiske buddhistiske tradisjonen, ”Mahayana”. Dei utvikla ei ny, heilskapleg tilnærming til buddhismen, kalla for ”Tongbulgyo”.

Wonhyo (617-686 e.Kr.) er kjend som den største tenkjaren innan koreansk buddhisme. Innan hans levetid hadde alle dei viktigaste buddhistiske sutraer og skrifter nådd Korea frå Kina. Wonhyo sette seg føre å tolke desse for å avdekkje den underliggjande meining og sanning. I løpet av sitt liv skreiv han 86 verk om temaet. Blant hans viktigaste arbeide er kommentarane til ”Truas oppvakning”, ”Nirvana sutra” og ”Vajrasamadhi sutra”. Det er takk vera hans arbeid at ”Truas oppvakning” blei den viktigaste buddhistiske teksten i den koreanske tradisjonen. Wonhyo blei behandla med den største respekt av leiande buddhistiske tenkjarar i Kina og Japan.

Under Goryeo-dynastiet (918-1392) var buddhismen statsideologi. Då Jonseon-dynastiet overtok i 1392 blei buddhismen utsett for sterk undertrykking. Den rådande ideologien på den tida var knytt til neo-konfusianisme. Fyrst på slutten av 1500-talet tok undertrykkinga og forfølging av buddhismen og buddhistar slutt. Full aksept av trusretninga fann fyrst stad etter den 2. verdskrig.

I dag er dei koreanske buddhistiske tradisjonane mangfaldige. Dei er prega både av kinesiske retningar, av japanske zen-tradisjonar og moderne retningar innan buddhismen. Ein reknar med at om lag 23% av befolkninga i Sør Korea reknar seg som buddhistar.

Publisert 3. apr. 2020 13:57 - Sist endra 13. mai 2020 08:44