St. Clemens

Kven var han?

Sannsynlegvis var den eldste kyrkja, slik som den seinare steinkyrkja, vigd til St. Clemens. Clemens var den tredje biskopen i Roma etter Peter. Han blei teken til fange like før år 100 under keisar Trajan og sendt til slavearbeid i eit steinbrot på Krim i Svartehavet. Her hjelpte han sine medfangar og vann mange for kristendommen. Dette likte ikkje keisarens statthaldar. Han let han drukne ved å senke han i havet med eit anker bunde om halsen. Men då keisarens menn var borte, trakk Gud havet tilbake, og der på botnen fann dei truande av steinbrotsarbeidarane, som var ute på havet og leitte etter Clemens, eit strålande kapell og liket av Clemens låg der i eit marmorskrin.

Dei bar han opp og gravla han. St. Kyrillus, slaveranes apostel, fann på 800-talet menneskebein og eit anker i ein haug på Krim. Dette måtte vera St. Clemens grav. Hans jordiske leivningar blei ifølge ei forteljing frakta til Roma og lagt i høgalteret i St. Clemente, Clemenskyrkja som var blitt reist der til minne om han på 300-talet.

St. Clemens var sjøfararanes helgen. Men i Syd-Skandinavia er det ei rekkje eksempel frå tida rundt 1000 på kyrkjer vigd til St. Clemens saman med kongsgardar. Kongane stod sentralt i misjonsverksemda og utnemnde sjølv biskopar. I Noreg finst ei tidleg Clemenskyrkje til, nemleg i Trondheim. Den låg ved den eldste kongsgarden, og er sannsynlegvis frå før Olav Haraldssons tid. Trondheim skal i følgje Snorre vera grunnlagt av Olav Tryggvason, og år 997 er blitt sett som bygrunnleggingsåret. Men det er ikkje sikkert at det er han som skal ha æra for byoppkomsten i Trondheim. Det var ein intens dragkamp mellom den danske og den norske kongen om overherredømmet i Norge på denne tida. At kyrkjene blei vigd til St. Clemens, kan ha samanheng med at kongen hadde fått Clemens-relikviar. Det kan vera Olav Tryggvason eller Olav Haraldsson som begge kan ha fått relikviar under sine opphald i Russland. Vel så sannsynleg er det at Clemens-relikviane har kome til Noreg frå danskekongen. Han kan ha fått Clemens-relikviar frå den tyske keisaren. Nokre vil hevde at den danske kongen var den tysk-romerske keisarens vasall, det vil seie formelt undergitt ham, og at den norske kongen i periodar i sin tur var vasall under danskekongen.

Noreg var, anten ein likar det eller ei, dansk i delar av vikingtida. Kong Harald Blåtann reiste omkring 980 ein stor stein på kongsgarden sin i Jelling i Midt-Jylland. På steinen står det med runer at "Harald bød gjøre disse kumler efter Gorm sin fader og Tyra sin moder, den Harald som vant sig al Danmark og Norge og gjorde danene kristne".

Publisert 24. mars 2020 09:56 - Sist endra 7. mai 2020 12:22