Oslo 1000 år

Oslo sin historie starta før år 1050.

Det viser arkeologiske funn, både frå den eldste busetnaden og frå byens eldste kyrkjegard, under Clemenskyrkja. Byen blei grunnlagd og grodde ikkje opp av seg sjølv, men det var ein vikingtidsgard på staden, kanskje med namnet Oslo. Det må vera kongen som stod bak grunnlegginga, men kva konge veit vi ikkje. Det kan ha vore danskekongane Harald Blåtann, Svein Tjugeskjegg eller Knut den mektige, eller dei norske kongane Olav Tryggvason eller Olav den Heilage. Men det må ha skjedd omkring år 1000, meir nøyaktig er ikkje dei arkeologiske dateringane.

Det er få restar etter Oslo frå rundt år 1000. Ved utgravingane i Clemenskyrkja blei det ikkje funne nokon gjenstandar utanom kistene og skjeletta som låg i dei. Gjenstandane frå den aller eldste utgravne busetnaden er heller ikkje så talrike, og funna frå gardane i Oslodalen trass alt få. Dersom ein oppsøkjer staden der den eldste byen låg, Gamlebyen, vil ein heller ikkje der kunne sjå noko som går tilbake til rundt år 1000. Likevel er det mogeleg å tenke seg tilbake til den fyrste tida i Oslo si historie fordi store delar av den naturlege topografien framleis er intakt. Trass i jernbaneskjeringar, gater og trafikkmaskiner, leigegardar frå 1890-åra og containarar på hamna, er det mogeleg å fatte visuelt området for den eldste busetnaden.

Det er byrjinga på mellomalderbyen Oslo.

Publisert 24. mars 2020 10:13 - Sist endra 7. mai 2020 12:22