Ordforklaring

Batikk

Den javanesiske metoden for å dekkje for materialet med voks for farging av mønster.

Cap

En koparblokk for å trykkje mønster med voks i batikkproduksjon.

Cassava

Ein tropisk rotfrukt som blant anna blir brukt til å utvinne stivelse.

Geringsing

Dobbelt ikat voven på Bali.

Fargereservering

Teknikkar for å skape mønster der visse delar av stoffet er dekt til anten av overknyting, sting, voks eller annan pasta som kleber på tekstil.

Indigo

Fargestoff frå indigoplantas blad som gjev blåfarge.

Kain Tøy

Blir også brukt spesielt om eit rektangulært stykke stoff drapert rundt kroppen.

Mordant

Eit metallsalt som forbinder seg kjemisk med fargestoffet for å fiksere fargen permanent.

Patola

Dobbel-ikat tekstil voven i silke, spesielt for Gujarat i India.

Pigment

Aktivt fargestoff vanlegvis mineralsk i sitt opphav, som fester seg til overflata av stoffet.

Plangi

Indonesisk ord for å knyte materialet for å skape mønster ved farging.

Reaktivt fargestoff

Ein varmtvassfarge som løysast opp i vatn, og som eignar seg til å farge cellulose og silkefiber. Reaktive fargar finst i ulike merke.

Sarong

Eit rektangulært stykke tøy som draperast rundt kroppen. I Malaysia mest vanlig om eit stykke som er sydd saman til sylinderform.

Sari

Eit stykke tøy drapert rundt livet og skuldrane, brukt av indiske kvinner.

Tjanting (indonesisk) eller canting (malayisk)

Ein reiskap med ein liten behaldar med flytande voks for å teikne batikkmønster.

Tie and dye

Blir brukt som begrep for reserveringsteknikkar der delar av stoffet er knytt stramt  med ein tråd for å motverke at fargestoffet festar seg til stoffet.

Tritik

Indonesisk ord for å skape mønster ved å sy med nål eller maskin i stoffet før innfarging.

Tulis

Å skrive.

Batek tulis

Javanesisk ord for handmåla tekstilar der voks er påført med tjanting.

Publisert 27. mars 2020 10:07 - Sist endra 11. mai 2020 07:58