Få samfunnsgrupper i Noreg har opplevd ein slik betring i fridom og livsutfalding i løpet av kort tid som dei homofile. Sidan 1980-talet har homsar og lesber gjort seg synlege i samfunnet med politisk kampvilje og fargerik livsglede. I Pride visast for fyrste gong ei kronologisk fotoutstilling frå politisk arbeid og demonstrasjonar, festar og sosialt liv i homorørsla. Fotomaterialet er henta frå arkiva til Leif Pareli/ Norsk Folkemuseum og homoavisa Blikk.
I juni 2014 er Oslo vertsby for Europride, ei internasjonal markering som rommar begge sider av homokampen: Alvor og kampvilje kombinert med glede og fest. Utstillinga vår er ein av attraksjonane og Historisk museum er denne veka Pride House - EuroPrides hovudarena for politikk og debatt.
Pride i media
Ser du kva som er nytt ved dette "historiske måleriet"? Her er "Eidsvollsmennene" utan bukser, frå nrk.no/ 17mai/ 12. mai (klikk på biletet under).
Bamser skaper furore, frå blikk.no 14.mai.
Gå vidare inn i Helvetes englar.
