Dorothy Djukulul

Dorothy Djukulul, f. xxxx 
Bula`bula Arts
Ramingining, Central Arnhem Land,
Arnhem Land regionen


Warrnyu

Flygande hund (flaggermus) og vatn
Oker på bark

“Tilbake ved tidenes byrjing var Warrnyu, dei flygande hundane, som menneske. De slo seg ned i ei hole ved Kurrki Warrnyu Yirri Djaringal, der levde dei i mange år. Ein dag kom hunden Djanyarr, ein mektig forfar i menneskeleg form, til hola. Han var på leiting etter ein stad å bu. Han gjekk til ein fjellskrent og dytta ein stor stein over kanten. Der steinen trefte bakken sprang ei vasskjelde fram på staden Ganalbingu som nå blir kalla Gurrkawakarrmurr. Han gjekk forbi hola og høyrde hyla til dei flygande hundane. Han gjekk inn i hola og skremde bort alle som budde der. Før han gjekk inn i den heilage hola hadde han hengt dilly-veska si i eit tre, og då han kom ut sette han spydet sitt og woomera der. Han sette seg ned og blei sitjande lenge.

Ved Kurrki Warrnyu Yirri Ngilaya Djaringal blei så dei flygande hundane gjort om til unge menn. Det var Warrnyu-folket som fyrst omskar penisen til unge gutar for å gjera dei til menn. Dette fann stad ved Kurrki Warrnyu Yirri Ngilaya Djaringal og det var slik staden fekk namnet sitt.

Hunden Djanyarr snakka så frå holeopninga og skapte tre elver og vatn rann inn i hola. To av desse elvene gjev godt drikkevatn. Men den midtarste elva har heilag vatn. Ingen har lov til å drikke frå den midtarste elva. Dersom nokon drikk dette vatnet vil håret deira bli grått for tidleg.

Overgangsritual blir gjort i dag fordi Warrnyu, det flygande hundefolket, framførte dei for lenge sidan til Yolngu-folket. Det er slik aboriginske menn gjer det i dag. Dei lagar seremoniar og dansar for å gjera unge gutar om til menn. Songane blir kalla YirrarwuGulumu, Rruburra og Burryun.

Publisert 16. mars 2020 14:20 - Sist endra 24. nov. 2021 16:34