Cathrine Ariuu, f. 1947
Ngan’gikurrungurr. Ngambu Ngambu
Merrepen Arts
Nauiyu, Daly River,
Fitzmaurice regionen
Floating Lilies
Flytande vassliljer
Djuptrykk på papir
”Dette er flytande vassliljer. Dei veks i overflod i våre vasshol i heile Daly River-regionen. Vi vader ut i vassholet og samlar stilkane, dei runde røtene som veks under vatn, og nøtene til desse liljene. Alle delar kan etast rå eller etter steiking på bålet.”
Yirrng
Grisetryne-skilpadde
Akryl på lerret
”Yirrng er ein dårleg symjar som flyt langsamt gjennom vatnet. Tidlegare fanga vi dei ofte ved å stå i elvevatnet til livet, følgje boblene og gripe tak i kanten av skalet deira. I dag fangar vi dei med handhalden line med krok kasta frå elvekanten.
Det er vanleg å lage til skilpaddene ved å steike dei på magen over glørne frå bålet. Den kan også steikast på ryggen, då samlar ein krafta frå det feite kjøtet inne i skallet til ei kraftig fiskesuppe.
Store skilpadder kan også lagast til i jordomn. Jordomnen blir laga ved å grave eit hol i bakken, fylle det med steinar og tenne eit stort bål i det. Når bålet har brent ned er steinane varme. Då pakkar ein skilpadda inn i grøne blad og bark frå tetreet og legg den oppå steinane. Dette blir dekt til med jord og steikast langsamt. Steikt på denne måten blir det feite skilpaddekjøtet spesielt saftig.”

