Aaron Kingangu McTaggart, f. 1981
Ngen’giwumirri. Malfiyin
Merrepen Arts
Nauiyu, Daly River,
Fitzmaurice regionen
Ayiwisi
Augnestikkarar
Djuptrykk på papir
”Folket i Daly River-regionen veit at tørketida har byrja når lufta blir fylt av tusenvis av augnestikkarar. Augnestikkarane fortel oss om at dette er den beste tida på året for å fiske barramundi. I vår kultur markerar augnestikkaren sesongen for barramundi-fisket.”
Crocodile Skin
Krokodilleskinn
Djuptrykk på papir
”Dette er ryggen til krokodilla. Krokodilleskinnet endrar farge når krokodilla bevegar seg høgt og lågt i vatnet, og eg viser i mitt motiv korleis krokodilla lagar bølgjer og ringar i vatnet når den sym. Krokodilla er også mi barneånd.”
Aboriginanes kosmologi, drøymetida, skildrar korleis heilage og mektige forfedrar skapte jorda, dyr og planter. I denne skapingsprosessen blei noko av deira makt liggjande att i jorda. Forfedrane er dermed del av jorda, dyr og gjenstandar.
Når ei kvinne deltek i jakt, fiske eller matsanking og noko uvanleg hender, kan dette vera augneblinken då ånda til ein forfar går inn i ho. Slik blir den barneånda til hennar ufødde barn. Sambandet til barnånda er personleg og livslang.
I Kingangus tilfelle var det ei krokodille som oppførte seg uvanleg og stadig kom nær leiren, heilt til faren hans skaut dyret i hovudet. Då Kingangu blei fødd var den mjuke delen av hovudet hans uvanleg stor. Dette blei forklart med at han var den krokodilla som fekk skote hol i hovudet. Slik blei krokodilla hans barneånd.

