Mumiekista har vore utsett for gravplyndring − som dessverre har føregått til alle tider.
Det var vanleg å leggje smykke og amulettar innimellom balsameringslaga for å hjelpe den døde på vegen til dødsriket. Desse gjenstandane var svært forseggjorte og kostbare − derfor har mumien vore offer for gravrøvarar som har øydelagt "innpakningen" på sin grådige jakt etter verdisaker hjå den døde.