Korleis kom mumien til Noreg

Mumiekista er ei av to kister i ein samling på 40 objekt som blei donert til museet av Giovanni Anastasi (1780-1860), ein gresk kjøpmann og antikvitetssamlar som fungerte som Generalkonsul for kongeriket Sverige-Noreg i Egypt i perioden 1828-1857.

Anastasi skapte seg eit namn innanfor egyptologien fyrst og fremst med sine imponerande papyrus-samlingar som i dag finst i museum i London (British Museum), Leiden og Paris. I Stockholm står ein stor granitt-sarkofag utstilt, som også stammar frå den gjevmilde kjøpmannen.

Våre objekt frå Anastasi, og deriblant mumiekista, blei ikkje registrert eller nummerert før i 1865, og den eksakte datoen for donasjonen er dessverre ukjend. Vi veit iallfall at den blei "midlertidig" overført frå "den zoologiske samling" (!) til Oldsaksamlinga så tidleg som i 1842. her blei den midlertidig registrert fordi det ikkje var oppretta noko alminneleg etnografisk samling endå.

Anastasi kunne lett tileigne seg alle desse objekta i kraft av sitt embete. Egypt var på Anastasi si tid ein provins i det Osmanske storriket.

Sultanen i Istanbul hadde gjort ei rekkje handelsavtaler med europearane, kjent som Kapitulasjonane, som sikra dei sjølvstyre i sine handelskoloniar. Desse rettigheitene, som blei gjevne i ei tid då osmanarane hadde den militære overmakta i riket, og var til fordel for begge partar, blei med tida misbrukt av de europeiske konsulata i takt med aukande europeisk militær nærvær i regionen.

I kraft av desse lovene kunne europeiske handelsfolk forsyne seg av dei gamle egyptiske kulturskattane utan at egyptisk myndigheiter kunne hindre dei. Kapitulasjonane blei ikkje avskaffa før i 1937.

Av Anders Bettum
Publisert 11. okt. 2018 15:09 - Sist endra 18. mai 2020 08:27