English version of this page

Minnet

Bildet kan inneholde: grav, gravstein, cemetery, yard, gress.

Korleis blir vi hugsa? Kor lenge vil seremoniar til vårt minne bli utført? Vil våre etterlatne reise synlege monument over våre liv?

Høvdinganes gravhaugar under vikingtida var synlege teikn på kven som hadde stor vørdnad i samfunnet. Fram til Sundhetsloven av 1805 kravde at alle skulle graveleggjast på kyrkjegardar, betalte borgarar store summar for å bli gravlagd på anstendige plassar under kyrkjegolvet.

Eldre gravlundar kan sjåast på som historieberarar. På 18- og 1900-talet var det vanleg at familiar gravla sine døde på lokale gravlundar der det var mogeleg å følgje linjene til fleire slektsgenerasjonar. I byane, der det var avgrensa plass, tinga familiar ofte grav i "dobbel djupn og dobbel breidde" for å sikre at mange slektningar kunne gravleggjast saman. Større mobilitet og endring i familiemønster dei siste 50 åra har leia til at kvar generasjon oftast skaffar gravplasser uavhengig av tidlegare generasjonar.

Kor lenge får gravlagde menneske kvile i fred? Ifølgje gravferdslova er gravas "fredingstid" 20 år. Etter denne perioden kan gravlunden krevje eit leigebeløp for at plassen skal behaldast. Eit varig minne på gravlunden er derfor avhengig av den døde sine etterkomarar.

At graver blir flytta eller tatt vekk er ikkje eit nytt fenomen. Gravsteinar har opp gjennom historia ofte blitt brukt som bygningsmateriale. Under oppussing av ein bygard i Fredensborgveien i Oslo sommaren 2000, blei det oppdaga ein gravstein i grunnmuren. Gravsteinen er truleg frå siste halvdel av 1600-talet, og stammar anten frå Christ kyrkjegarden eller kyrkjegarden til Gamle Aker kyrkje. Steinen er dekorert med daudingskalle som ei påminning om livets forgjengelegdom. Ein reknar med at gravsteinen blei brukt som bygningsmateriale også før den kom inn i fundamentet til det noverande bygget i 1870.

Då fotografiske medium blei tilgjengelege på 1830-talet, blei dei straks teke i bruk for å lage varige minne av den døde. Ofte fanst det ingen bilete av menneske medan dei var i live. Fotografia kunne fungere som trøst, eller til å dele dødens verkelegheit med andre. Bileta blei stilt ut i heimen, og menneske som ikkje hadde høve til å delta i gravferda, kunne få kopiar tilsendt. Heilt frå byrjinga var derfor fotografering ein måte å hjelpe folk å leve med døden, og hugse sine nærmaste.

I islam reknast alle som like i døden, og mange meiner at ingen gravstein er nødvendig for å framheve verdien av den avdøde i livet. Gud treng heller ingen gravstein for å finne den døde. På ein muslimsk gravstad i Noreg vil derfor mange av gravene vera umerka.

Publisert 24. mars 2020 12:02 - Sist endra 26. apr. 2022 08:45