Historisk museum i Oslo, 4.6.2004 – 6.3.2005.
På 800-talet fanst berre ein einaste stad i Noreg som med nokon rett kan kallast ein by. Den låg på ei strand ved Viksfjorden i Larvik kommune i Vestfold der garden Kaupang ligg i dag. Den blei grunnlagt på same tid som dei fyrste vikingangrepa sette inn på De britiske øyer og på kontinentet. I si samtid blei staden truleg kalla kaupangen i Skiringssal. I denne vesle byen budde det kanskje 400-600 sjeler og der fekk bylivet i Noreg si spede byrjing for vel 1200 år sidan.
Utstillinga viser kaupangens posisjon i vikinganes verd og vikingsamfunnet. Mange av dei ca. 100.000 funna frå utgravingane er utstilt; dei arabiske sølvmyntane, gullmynten frå Dorestad, fleire hundre glasperler, smykke av gull og bronse, keramikk, våpen, reiskapar, med meir.
Fagleg ansvarleg for utstillinga er professor og leiar for utgravingane Dagfinn Skre.