English version of this page

Far Vel – livets slutt i det fleirkulturelle Noreg

Tegning av personer i en båt på havet

Livet er ofte omtala som ei reise, akkurat som døden. Både på norsk og andre språk seier vi at vi går bort, reiser til det neste liv, til dei evige jaktmarker, går til våre forfedrar, over til den andre sida og vandrar hen.

Utstilling på Historisk Museum, Oslo, 2. november 2000 til 4. mars 2001.

Far Vel - Livets slutt i det fleirkulturelle Noreg gjev oss ein glytt inn i det mangfaldet av ritual som er bunde saman med døden. Utstillinga rommar eit vidt perspektiv, frå norsk jernalder i førhistorisk tid til fleirkulturell verkelegheit i dag. Den viser korleis ulike trussamfunn til ulike tider har funne verdige og meiningsfulle måtar å markere livets avslutning på.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Universitetets Kulturhistoriske Museer (UKM) og Internasjonalt Kultursenter og Museum (IKM), realisert med støtte frå Norsk Kulturråd og Flyktning- og innvandreretaten. Sosialantropolog Daniel Winfree Papuga har vore fagleg ansvarleg.

Far Vel - Livets slutt i det fleirkulturelle Noreg blir også vist på Internasjonalt Kultursenter og Museum i Oslo 19. mars til 15. september 2001 og skal skal seinare turnere i ei mindre utgåve som vandreutstilling i regi av IKM.

Original versjon

Sjå utstillingssida i den opphavelege versjonen

Publisert 24. mars 2020 11:41 - Sist endra 22. juli 2022 13:01